Jesus svara: «Om du hadde kjent Guds gåve og visst kven det er som bed deg om drikke, så hadde du bede han, og han hadde gjeve deg levande vatn.»
Johannes 4, 10
Eg lurer av og til på om eg kjenner Guds gåve skikkeleg sjølv. Det står nokre vers seinare at det levande vatnet blir ei kjelde som veller fram. Er det slik at det stadig veller fram ei takksemd i meg over det Gud har gitt meg, slik at eg ikkje tørster etter noko anna her på jord. No i jula håpar eg at me saman med dei heilage kan fatte meir av kva bredde, lengde, høyde og djupne det er i Guds gåve til oss. Og så hadde det jo vore kjekt om det var fleire som fekk oppleve denne gåva for fyrste gong, og at me kunne bidra til at Jesus fekk koma inn i hjarta til fleire.