«Kvinna seier til han: Eg veit at Messias kjem – han som vert kalla Kristus. Når han kjem, skal han forkynna oss alt.
Jesus seier til henne: Det er eg, eg som talar med deg».

Johannes 4, 25-26

Samtalen mellom Jesus og den samaritanske kvinna sluttar med desse orda, men historia om den samaritanske kvinna sluttar ikkje. «Kom og sjå, ein mann som har fortalt meg alt eg har gjort. Han skulle vel ikkje vera Messias?»

Messias er komen for over 2000 år sidan, og som han kom til den samaritanske kvinna, kjem han til deg og meg i Ordet sitt. Det er Han sjølv som kjem og talar til oss og seier: «Det er eg, eg som talar med deg».