Av Marit Hårklau Ådnanes

Folk trassa snø og ufyseleg ver 30. januar, og møtte mannsterke opp i Sveio bedehus. Ca 95 menneske var tilstades då mannsforeininga laga til sin årvisse fest.

 

God stemning

Det var god stemning og latteren sat laust. Halvard Sveen leia festen. Lovsongsbrørne frå Leirvik deltok med flott song. Marit Hårklau Ådnanes heldt andakt og informerte litt frå IMS sitt arbeid. Forsamlinga vart mellom anna påminna om kor viktig bibellesing er, og vart også utfordra til å dela si trushistorie i kvardagen.

Lovsongsbrørne Leirvik

Lovsongsbrørne Leirvik

Laga maten sjølv

IMS sin utsendte var svært imponert over engasjementet til mennene i foreininga. Maten hadde dei laga sjølv, og dei bar ivrig fram på koldtbordet gode rettar; rekesalat, steik med tilbehør, roastbiff og anna godt pålegg. Cornelis Hermans hadde laga 150 karbonader – heilt frå botn av. Godt smaka det! Og det var mennene som rydda etterpå, medan konene gjekk heim til sitt.

Fra matbordet

Fra matbordet

Cornelis Hermans hadde laga 150 karbonader til festen

Cornelis Hermans hadde laga 150 karbonader til festen

 

Starta i 1981

Foreininga hadde sitt første møte 2. oktober 1981, kan Kåre Tveit fortelja. Den første festen var i november 1983. Bjarne Eide og Ole Abel Sveen stod i vekking, arrangert av ungdomsforeininga, og mannsforeininga vart starta litt etter det.  I dag er me rundt 10 menn som møtest i heimane kvar 14. dag, fortel Kåre. Då samtalar me om søndagens tekst, har ei lang bønestund og også då har me god mat på menyen.

Sveio mannsforeining med Knut Mekeland, Helge Matre, Magnus Tveit (delvis skjult bak), Halvard Sveen, Kåre Tveit, Osmund Kinn, Karsten Bråtveit, Lars Reiersen, Cornelis Hermans, Edvin Reiersen og Trygve Kinn.

Sveio mannsforeining med Knut Mekeland, Helge Matre, Magnus Tveit (delvis skjult bak), Halvard Sveen, Kåre Tveit, Osmund Kinn, Karsten Bråtveit, Lars Reiersen, Cornelis Hermans, Edvin Reiersen og Trygve Kinn.

Fekk inn kr 20.000 på ein kveld

-For nokre år sidan gjekk me over til kun eitt åresal, fortel Halvard Sveen, men då dobla me prisen på ei åre til kr 20,-. Brutto fekk dei denne kvelden inn rundt kr 20.000,- i netto kr 18.000,- til IMS. Tusen takk for super innsats og for at de lagar til denne festen, alle i Sveio mannsforeining.

Åresalet er i gong

Åresalet er i gong

Aslaug Kinn vart den heldige vinnar av hovudgevinsten, laga av Karsten Bråtveit

Aslaug Kinn vart den heldige vinnar av hovudgevinsten, laga av Karsten Bråtveit