Erlend Nilsen vert ny dagleg leiar på Helgatun når Solveig Norheim går av med pensjon til nyttår. Erlend kjem frå Vea på Karmøy, er 31 år, og er for tida styrmann og lærar på Gann.

Sjømann til fjells

Sjølv om Erlend likar seg godt på sjøen, har han også sterk dragning mot fjellet. Familien har hytte i Svandalen og han har vore på 10-vekers bibelskule i Hemsedal på Krik Høgfjellsenter. Eg har vore innom Helgatun og Myrkdalen fleire gonger og likar plassen veldig godt, seier Erlend. Eg går mykje i fjellet, både sommar og haust, og har ofte med meg hunden Oscar. Elles likar Erlend godt fotball, og er ein ihuga Liverpool-fan. Han er også litt politisk engasjert.

Erlend Nilsen med hund

Ut av båten

Kva var det som gjorde at du takka ja til stillinga?

-Eg tenkte både åndeleg og bokstaveleg talt på å gå ut av båten, seier Erlend. Det er greit å utfordra seg sjølv litt, og no er eg klar for noko nytt. Eg gler meg til å få vera med og utvikla den flotte plassen som Helgatun er. Gann driv hotell- og cruisevirksomhet om sommaren, som Erlend har vore med på. – Eg gler meg til å starta å arbeida med personalet, Helgatunstyret og møta gjestene på Helgatun, seier Erlend. Erlend er ugift, men har kjærast i Bergen. – Og kjæresten likar dette godt. Det vert kortare veg til Helgatun enn Stavanger, der Gann for det meste er stasjonert, avsluttar Erlend.