«Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser: Blinde ser, og lamme går, spedalske blir reine, og døve høyrer, døde står opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige.

Matteus 11, 3-5

Advent betyr «komme» og det handlar om ei tid før Herren sjølv kom, altså ei tid me ventar på Gud. I versa over er det Johannes døyparen som spør Jesus om han er Messias eller om han skal fortsette å venta. Jesus svarar med kjende ord frå Jesaja 35 og seier med dei direkte til Johannes, og til deg: Eg er Han du ventar på, eg er Messias. Ventetida er over.