Laurdag 19. februar inviterer Indremisjonssamskipnaden på nytt til teneste- og leiarkonferanse, på Leirvik Bedehus. Etter at konferansen vart gjennomført digitalt i fjor gler vi oss til å kunna møtast att, sjå kvarandre og snakka med kvarandre.
Dagen vert fylt med fellessamlingar, glimt til inspirasjon, nettverk, måltidsfellesskap, song og musikk. Forutan nokre av IMS sine eigne arbeidarar får vi besøk av Daniel Sæbjørnsen -pastor i frimenigheten Passion Åsane, og Aud Karin Kjølvik Ringvoll -forsamlingsarbeidar i Flekkerøy Bedehusforsamling.
Her kan du sjå fullstendig program for dagen.
Her kan du melda deg på til KRAFT-konferansen.