14.-15. oktober 2022 blir det dugnadshelg på Brandøy! Vi håpar på å få jobba meir med å reinska opp i skog, brenna bål, snekra litt, og elles har vi ein del andre arbeidsoppgåver inne og ute. Vi har oppgåver for små og store, ta veldig gjerne med heile familien! Opphaldet er gratis – dugnadsinnsatsen er «betalinga» 😊Fredag kveld vil ha basar, inntektene går til Brandøy. Ta gjerne med ein gevinst eller to! Påmelding her: https://docs.google.com/…/1FAIpQLSc4mw_Yq-RfAF7tZ…/viewform

Program:
Fredag:
(Kom gjerne frå 10.00 og utover etter avtale. Vi serverer mat om nokon kan komma tidlig!)
17.00-18.30: innkvartering, og mogleg å begynna på dugnad om ein vil!
18.30: kveldsmat
19.30: kveldssamling og kaffikos
Fordeling av arbeidsoppgåver

Laurdag:
7.30-8.30: flexifrukost
09.00: arbeidsøkt med kaffipause
12.00: lunsj
13.00: arbeidsøkt
15.00: kaffimat
…arbeidsøkt igjen!
17.00: middag


Velkommen til ei innhaldsrik helg på Brandøy!