Bli fast gjevar
Fast gjevarteneste til IMS
I Indremisjonssamskipnaden er me optimistar og gler oss over å få stå i den tenesta Gud har kalla oss inn i.
Samarbeid
Me ynskjer gjennom eit nært og godt samarbeid med foreiningane å vera med å løfta misjonsarbeidet i heile området vårt. Det som er spanande å sjå er om me saman kan løfta økonomien! Målet vårt er at me kan utvida arbeidet me står i.
Skal me nå dette målet er me avhengig av at mange vil vera med å støtta oss som fast gjevar.
Bli med du også
Fast gjevarteneste er ein flott måte å støtta noko du meiner er viktig. Med fast gjevarteneste vel du eit beløp som trekkes automatisk kvar månad. Det gjev deg som gjevar god oversikt og for oss i IMS så gjev det oss ein forutsigbarheit på gåver. Fast gjevarteneste til IMS gjev også skattefrådrag så sant du registrerer deg i digital portal eller på fysisk skjema med fødselsnummer. Per idag kan du bli fast gjevar på to måtar. Du kan enten oppretta fast gjevarteneste gjennom vår digitale portal i ImF eller du kan fylla ut fysisk skjema og sende inn til oss.
Digital portal
For å oppretta fast gjevarteneste går du inn her! Då kjem du rett til Indremisjonen si prosjektside. Der kan du velge kor mykje du vil gje, kor ofte og kor tid. Vil du endra i avtalar så kan du logge inn på imf.no og min side.
Fysisk skjema
Dersom du vil bli fast gjevar til Indremisjonssamskipnaden, men ikkje ynskjer å gjere dette i den digitale portalen så fyller du ut skjemaet du finner her.
Send til
Indremisjonssamskipnaden
Postboks 150
5401 STORD
Har du spørsmål om det å bli fast gjevar?
Ta kontakt med:
Guri Bjørnevik, kontorsekretær
Tlf. 53 41 07 04 / 40 45 82 55
post@indremisjonen.no
Gje ei enkeltgåve
Gåve til Indremisjonssamskipnaden
Ynskjer du å gje ei gåve utan avtale som fast gjevar takkar me for det. Merk at enkeltgåver via Vipps og overføring til kontonummer ikkje gjev skattefrådrag. Enkeltgåver kan gjes:
Via Vipps på #102696,
Til kontonummer: 8220.02.80454
Eller via denne lenken (her kan du registrera fødselsnummer slik at du får skattefrådrag)
Har du spørsmål om enkeltgåver?
Ta kontakt med:
Guri Bjørnevik, kontorsekretær
Tlf. 53 41 07 04 / 40 45 82 55
post@indremisjonen.no