Våronn
Helga 31.5-2.6 vart det gjennomført dugnadshelg på Brandøy. 36 store og små tok del i arbeid, leik og sosialt samvær. Mykje god jobb vart gjort, og det største prosjektet var å legge brustein på heile framsida. Eit flott resultat kan du sjå på bileta. Ellers vart det kosta, rydda, ordna og fixa. Kvar dag var det òg tid til samling, andakt, leik og underhaldning. Kjempekjekt å være med på, seier fleire av dei som deltok.
Være med?
Har du lyst å være med ein annan gong vert det høve 8.-10.november 2013. Då er me igjen klar for ulike store og små oppgåver for store og små «leirdeltakarar».