Laurdag 19. mars inviterer Indremisjonssamskipnaden på nytt til forsamlingskonferanse, på Norheimsund Bedehus. Etter at konferansen vart gjennomført digitalt i fjor gler vi oss til å kunna møtast att, sjå kvarandre og snakka med kvarandre.
Dagen vert fylt med fellessamlingar, glimt til inspirasjon, fokustid, måltidsfellesskap og lovsong. Forutan nokre av IMS sine eigne arbeidarar får vi besøk av Andreas Evensen – dagleg leiar i ImF Ung.
Her kan du sjå fullstendig program for dagen.
Her kan du melda deg på til forsamlingskonferansen.