Aktuelle «små båter», din plass i fellesskapet og inspirerande glimt!
Velkommen til ny Forsamlingskonferanse 16. mars i Norheimsund bedehus. Konferansen er open for alle interesserte.
Me gler oss til fellesskap, undervisning og seminar om viktige tema, samt glimt frå lokalt arbeid.
Marte og Rune Kvilhaugsvik har i haust budd i England saman med fire barn. Her har dei levd tett på korleis «små båter» kan sjå ut, bærekraftige små kristne fellesskap. Dette konseptet er også svært aktuelt for oss. I første fellesøkt deler dei sine erfaringar frå «små båter».
I andre fellesøkt tar Eli Tveitane oss med inn i «Kven er eg i fellesskapet?» med utgangspunkt i Efesarane 4. Eli er styreleiar i Norheimsund Indremisjon, og er engasjert i bygd og forsamlingsliv.
I siste fellesøkt vil dagleg leiar i IMS, Marit Hårklau Ådnanes, oppmuntra oss til å vera «Den du er – der du er». Det er det Gud har kalla oss til.
Å høyra kva som rører seg rundt i bygdene, er alltid inspirerande. Det vert det små glimt frå fleire bygder. Så blir det også valfrie seminar med aktuelle tema for nokon og einkvar.
Me er glade for at team frå Framnes leier oss i lovsong.
Det blir pausar gjennom dagen med middag m.m.