Fredag 30. september arrangerer me andre året på rad Go`fredag. Dette er ein kveld det berre skal vera godt å vera deg; her skal du få slappa av i godt fellesskap med god mat; ein festkveld med smil og alvor.
Gled deg til laksepatè, eksklusiv haustsuppe og eit dessert- og kakebord med temaet sjokolade. Gjert Asle Tolås vert kveldens konferansier. Leif Nummela, vår finske talar for helga (men snakkar svensk), vil snakka om «visdom i 15 min». Kjersti og Tor Helge Valvatne m.fl. vil leia oss musikalsk igjennom kvelden.
Pris kr 300,-. Påmelding her .
Go`fredag er første sprett i Haustmøtehelga vår. Møter laurdag kl 1630 og 1930. Revy søndag.