Skreve av: Harald Voster
Juleevangeliet hos Matteus er spennande! Her møter me vismennene frå Austerland som kjem og tilber Jesus. Dei var ikkje jødar, men dei kjende likevel til at ei stjerne skulle syne seg som teikn på at ein konge var fødd. Kan hende kjende dei til Bileam sin profeti?
Vismennene kjem like til kongen i Jerusalem og spør kvar jødekongen er. Dei hadde sett stjerna hans gå opp. Me veit korleis det enda. Herodes si redsle for sitt kongedømme som førte til at mange, mange gutebarn vart drepne. Hadde verkeleg vismennene følgt stjerna til Jerusalem? Hadde Gud leia dei til ein konge som ikkje skydde noko for å halde på makta si?
Eg trur at vismennene var i villreie. For det første: Dei spør kvar jødekongen er. Dei var usikre. For det andre: Dei vert veldig glade når dei kjem ut frå kongen. No ser dei stjerna som dei før hadde sett kome opp! Kan denne store gleda over at dei såg stjerna, bety at dei før ikkje hadde følgt stjerna? Dei seier til kongen at dei såg stjerna kome opp, men kva skjedde så? Hadde dei teke seg fram til Jerusalem og kongeresidensen av eigen kunnskap og logikk. Det var her jødekongen burde bli fødd? For det tredje: Stjerna som dei ser på nytt, den som dei føst hadde sett koma opp, leier dei heilt fram til staden der Jesus er. Slik er Gud. Han går med heile vegen, og han fører ingen vill.
Denne stjerne lys og mild
som kan aldri lede vill,
er hans guddoms ord det klare,
som han lot oss åpenbare
for å lyse for vår fot