Mange har sakna det gode kristne fellesskapet det siste halvtanna året. Me ser difor fram til å møtast til Haustmøtehelg 24.-26. september. Nederst på denne sida kan du sjå program for heile helga og velja det som passar for deg. Tenk gjerne også over om det er nokon du skal invitera med deg.  

Me startar Haustmøtehelga med Haugespor i Stord Kulturhus fredag 24. september. Haugespor er jubileumsspelet om Hans Nielsen Hauge. Vil du læra, le og bli riven med? Av myndige bondekoner, sjølvgode potetprestar, håplause lensmenn og trongsynte pietistar? Hans Nielsen Hauge og haugianismen er ein himmelsk lapskaus av kvardagsliv, åndsliv, næringsliv, fattigdom, rikdom, konfliktar og omsorg. Haugerørsla har sett djupe spor i landet generelt og Vestlandet spesielt. Haugerørsla var også opptakten til IMS. Ryfylke Livsgnist presenterer eit historisk og humoristisk skråblikk på haugianismen, 250 år etter Hauge sin fødsel. Fire skodespelarar og musikar speler 30 roller i løpet av halvannan time. Her kan du lesa meir om spelet, og også bestilla billettar.

Haustmøtelaurdagen vert det to møte i Leirvik bedehus, med sal av pizza mellom møta. Generalsekretær i ImF, Erik Furnes, vert med. Til møtet 1630 vert Himmelpust frå Bømlo med. Himmelpust vart til i fjor i anledning Go`fredag og består av Ragnhild Nesse, Hanne Synnøve Tislavoll og Marta Marcol Havn. Sela vert med under møtet 1930. Dette er ei ny gruppe frå Auklandshamn, der Sveinung Andersen er musikals leiar.

Søndagen vert det lokale møte, du ser kor på plakaten rett nedanfor her.