Bok 150

Indremisjonssamskipnaden rundar straks 150 år, og dette vert feira med Jubileumsbok! Denne tar føre seg historia til IMS, med særleg fokus på dei siste 25, sidan forrige bok vart skriven. Asle Hetlebakke er forfattar, og me har fått ei flott bok. «Djupe spor – i haugiansk jord» er fin,  interessant og har mange flotte bilete. Ei kjekk bok uansett alder, geografi og tilhøyre. Denne håpar me vil finne vegen til alle som har eit hjarte for IMS.

Boka vert sendt til alle Lag og foreiningar med eit følgjebrev. Ho vert seld på SunnBok og i andre samanhengar i tida framover. Ein kan òg bestilla boka på IMS-kontoret.