Helgatun 40 år
Søndag 11. august blir det stor jubileumsdag på Helgatun. 12. august i 1973 vart Helgatun vigsla. 40 år er gått, og me gratulerer Helgatun med jubileet.
Ynskje om tre ting
Dengong formann i byggenemnda, Kjell Nese, ynskte tre ting for Helgatun:
1. At mange einskild-personar og lag må nytta heimen i sitt arbeid
2. At alle, uansett kva lag eller samanheng ein står i, må kjenna seg heime på Helgatun
3. At Helgatun må vera prega av kristen ånd og haldning gjennom alle ting
Nye satsingar
Gjennom leir og andre arrangment er mange blitt glade i Helgatun, sjølve misjonsheimen og staden, men også folka som jobbar der. Helgatun ligg midt i «smørøyet» vinterstid med skianlegg og flotte terreng like utanfor døra. Neste prosjekt for Helgatun er nytt kjøken. Etter 40-års bruk, er det på tide med både utskiftning og utbygging.
Velkommen til jubileumsdag
Søndag 11. august er du velkommen til ein innhaldsrik dag på vår flotte misjonsheim. Program for dagen finn du her. Velkommen!