Feiring
Dagen til Kåre vart feira med familietreff og ope hus på Brandøy 18.mai. Familien var samla heile helga, og laurdag ettermiddag kom det venner, kollegaer og kjente frå «fjern og nær». Dei besøkjande vart servert flott matbord og kaker, god underhaldning og triveleg lag.
Overraskingar
Kåre hadde ynskt seg ei gåve til Brandøy, og dette var allereie invistert i ny plentraktor, til stor overrasking for jubilanten. Vaktmester Kåre Johan har til og med fått namnet sitt på bakskjermen;) Han fekk òg ny gitar, til stor glede for han sjølv, og etterkvart for alle rundt han vil me tru. Igjen; Gratulera!