Kåre Steinsund fekk flytta heim til kvile hos Gud, sundag 7. juni. Kåre vart fødd 7. november 1938 i Gulen i Sogn. Då han var 10 år gamal flytta familien til Bømlo. Det vart skulegong både på Framnes og bibelskulen i Bergen før han vart tilsett i Indremisjonssamskipnaden i januar 1960. Dei fyrste åra var han ungdomsarbeidar før han tok til som ungdomssekretær i 1964. No fekk han vera med på å byggja ut eit rikt barne- og ungdomsarbeid i IMS, og han vart sentral i bygginga av Brandøy Ungdomsheim. I august 1971 flytta han til Sørlandet der han gjekk inn som ungdomssekretær i Sørlandet Indremisjon.

I 1989 kom Kåre attende til IMS. Fyrst som områdearbeidar på Bømlo og frå 1. januar 1991 som sekretær. Han var leiar i IMS fram til sommaren 1996 og fortsette som forkynnar til 2007 då han og Berit flytta attende til Sørlandet. Også no som pensjonist var Kåre ofte å høyra på bedehusa.

Kåre hadde rike gåver som forkynnar, administrator, skribent, songar og musikar. Alt dette har han nytta rikeleg i misjonen si teneste, til stor velsigning for mange. Over alt der han kom var det opne dører. Han hadde stor tillit i misjonsfolket og var ein svært etterspurd forkynnar og songar. Hans milde og gode vesen gjorde at det var så godt å gå ved sida av Kåre. Han fekk vera til stor oppmuntring og hjelp for både medarbeidarar og misjonsvener. Hans sterke Kristus-forkynning har sett djupe spor, og me er mange som takkar Gud for alt det Kåre har betydd for oss.

I 2010 gav Kåre ut ein etterlengta cd. I den samanhang skreiv Kåre: ”Det er songen om Jesus som har vore min song så og seia heile livet.”  Og det var songen og vitnemålet om Jesus som prega Kåre sitt liv.

Dei siste åra har vore prega av sjukdom. Også i denne tida fekk trua på Jesus Kristus vera ei bærande kraft.

Kåre gifta seg med Berit Tesaker og dei fekk tre born. Familien har betydd svært mykje for Kåre, og han og Berit har alltid stått saman i tenesta. I dag går tankane våre særleg til Berit og borna, Rune, Marit og Anne Grethe med familiar. De er i våre bøner!

Kåre Steinsund har sett djupe spor etter seg i IMS, og me takkar Gud for alt han var for oss. Me lyser Guds fred over Kåre Steinsund sitt gode minne.