Sion, Salem og Kristent Fellesskap inviterer til storkonsert i Moster Amfi med Lynda Randle og Bømlo Gospel 5. juni.
Lynda Tait Randle vart født i den sentrale delen av Washington DC. Ho er den mellomste i ein søskenflokk på sju og føler seg priviligert som har fått veksa opp i ein kristen heim. Sjølv om foreldra hennar, Nathel og Maxine Tait, tidleg lærte borna sine om Kristi kjærleik, opplevde Lynda likevel ein stormande og smertefull barndom. Musikken vart ein vei ut av smerte og hjartesorg for Lynda og hennar talent har etterkvart opna mange dører og mulighetar for henne.
Lyndas utmerka altstemme har gitt henne mulighet til å reisa over heile USA og elles rundt om i verda og ho har fått dela scene med musikalske legender som Andre Crouch og Gladys Knight. Lynda har opna ved fleire nasjonale sportsbegivenhetar og har hatt æra av å vera musikalsk gjest for Billy Grahams korstog. Ho har og vore ein favoritt på Gaither Homecoming konsertar og videoar. Hennar to mest etterspurte songar er «God On The Mountain» og «I am free». I 2005 vant ho ein Dove Award for albumet «A tribute to Mahalia Jackson». Den siste utgivelsen hennar «Ageless Hymns: Songs of Joy» er det tredje og siste i ein serie dedikert dei tidlause, klassiske songane om trua. Det splitter nye «Songs of Joy»-albumet er ei livleg samling av songar som er oppløftande, fornyande og oppmuntrar sjela. Dette prosjektet har favorittar som «Windows of Heaven», «Beulah Land», «Heaven Came Down» og «He Touched Me».