Marit Hårklau Ådnanes, daglig leiar i IMS, viser korleis du kan laga ein dørkrans til jul. Video ser du nederst på denne sida.

Det du treng for å setja i gong er:

  • Ein halmkrans (30-40 cm i diameter)
  • Ståltråd
  • Hagesaks til å klippa grønt
  • Avbitartang e.l. for å kutta ståltråden
  • Noko grønt til kransen. Marit brukar her brake, edelgran, krypeiner, eføy, tuja, lyng og eukalyptus. Her er mykje ulikt du kan bruka, det er i grunn berre å gå på jakt i hage og mark. Husk at det er fint med litt ulike grønnfargar i kransen.