Velkommen til KRAFT-konferanse på Leirvik bedehus 8. februar. Me trur me har sett saman eit variert og kjekt program som kan vera aktuelt for mange å få med seg. M.a. kjem Solvår Angeltveit frå IMI-kirken og snakkar om «korleis legga til rette for godhetskultur?». Det kjem representantar frå LOGOS-kirken Nesttun og deler omkring «restarten», og korleis dei vart ei generasjonsforsamling. Det blir inspirerande glimt frå lokalt arbeid, og aktuelle seminar. Lovsong gjennom dagen ved Svein Notland m/team. Fellesskapet – det å treffa kvarandre på tvers av bygdene – er også viktig ein slik dag.