Av Marit Hårklau Ådnanes
Folk trassa snø og ufyseleg ver 30. januar, og møtte mannsterke opp i Sveio bedehus. Ca 95 menneske var tilstades då mannsforeininga laga til sin årvisse fest.
God stemning
Det var god stemning og latteren sat laust. Halvard Sveen leia festen. Lovsongsbrørne frå Leirvik deltok med flott song. Marit Hårklau Ådnanes heldt andakt og informerte litt frå IMS sitt arbeid. Forsamlinga vart mellom anna påminna om kor viktig bibellesing er, og vart også utfordra til å dela si trushistorie i kvardagen.
Laga maten sjølv
IMS sin utsendte var svært imponert over engasjementet til mennene i foreininga. Maten hadde dei laga sjølv, og dei bar ivrig fram på koldtbordet gode rettar; rekesalat, steik med tilbehør, roastbiff og anna godt pålegg. Cornelis Hermans hadde laga 150 karbonader – heilt frå botn av. Godt smaka det! Og det var mennene som rydda etterpå, medan konene gjekk heim til sitt.
Starta i 1981
Foreininga hadde sitt første møte 2. oktober 1981, kan Kåre Tveit fortelja. Den første festen var i november 1983. Bjarne Eide og Ole Abel Sveen stod i vekking, arrangert av ungdomsforeininga, og mannsforeininga vart starta litt etter det. I dag er me rundt 10 menn som møtest i heimane kvar 14. dag, fortel Kåre. Då samtalar me om søndagens tekst, har ei lang bønestund og også då har me god mat på menyen.
Fekk inn kr 20.000 på ein kveld
-For nokre år sidan gjekk me over til kun eitt åresal, fortel Halvard Sveen, men då dobla me prisen på ei åre til kr 20,-. Brutto fekk dei denne kvelden inn rundt kr 20.000,- i netto kr 18.000,- til IMS. Tusen takk for super innsats og for at de lagar til denne festen, alle i Sveio mannsforeining.