Av: Marit Hårklau Ådnanes
Forteljarkurs
Me er på forteljarkurs på Barne- og ungdomsleiarkonferansen (BULK) på Brandøy 19.-20. januar. Latteren sit laust, og mange blir utfordra på å overstiga sine comfortsoner. Her skal me ut på golvet å fortelja. Rundt 70 ungdomar og vaksne er med på forteljarkurset.
Inn i Bibelen
No skal me setja oss godt inn i ei bibelforteljing. Fortel den på eitt minutt! På eit halvt minutt! Finn ut kva som er det viktigaste i forteljinga, utfordrar kursleiar Birgitte Bjørnstad Sæbø oss på.
Deretter skal me vera ein av hovudpersonane i bibelhistoria. Fortel med eigne ord korleis du trur Peter opplevde å gå på vatnet, kva kvinna som vaska Jesu sine føter med tårer følte…
Fleire uttrykte etterpå at det var bra å setja seg inn i historia på denne måten. «Me var der liksom».
Gode bibeltimar
Thore Søvik hadde bibeltimane med temaet «ditt potensiale i Gud».
Ditt potensiale ligg ikkje hos deg, men hos Gud, seier Thore.
Ditt potensiale i Gud er fridom. Kanskje må du også slutta med ting for å nå ditt potensiale i Gud; leva meir nær til Han og Hans Ord.
Hugs at ditt potensiale er så utruleg mykje større enn du trur. Gud vil at ditt bedehus skal voksa – meir enn du vil. Gud vil at dine venner skal bli frelst – meir enn du ynskjer det.
Dødskjedelege møter…
Søvik hadde også eit tema som heitte «Dødskjedelege møter eller ikkje?». Statistikk seier at 60 % av barn mellom 10-12 år misser trua si. Deretter er det 60 % som misser trua si i 18-19 års alderen. 90 % av engasjerte kristne blir kristne før fylte 19 år.
Mange opplever det kjedeleg å gå på møte. Me kan unnskylda oss med å seia at «me skal ikkje underhalda på bedehuset heller», og dermed ikkje leggja vårt beste ned i møta. Dersom me vil ha eit anna resultat i morgon, må me gjera noko anna i dag, utfordrar Søvik.
Dessutan tyder «kjedeleg» ofte at møta og forkynninga opplevest lite livsnær. I FRIK, ungdomsarbeidet Søvik sjølv er med og driv, har dei fem verdiar:
- Me vil vera radikale i det me gjer.
- Me skal vera brukarvennlege og livsnære.
- Me skal vera ungdommelege
- Me skal vera stolte. Det skal aldri vera flaut å invitera med seg ein venn.
- Det skal vera ein ærekultur. Me vil æra Gud med det beste.
Kjekt å komme saman
Praten gjekk livleg i pausane under BULK. Laurdag kveld fekk me eit uformelt møte med Thore Søvik der han fortalte frå oppveksten og livet sitt. Etterpå vart det ei flott delestund, før det var klart for kake-og dessertbord. Både ungdomar og vaksne spelte volleyball til langt på natt i gymsalen, medan andre kosa seg i peisestova.
Få med deg neste BULK i 2014!