Våren 2011 heldt sørlandsduoen Mette og Roger Sørensen 3 konsertar i Sunnhordland. Ei fantastisk flott gruppe med gode stemmer og eit flott repertoar, var tilbakemeldingane den gongen. (Sjå «Tysnes» 7. april 2011)

Helga 7.-9. mars er dei tilbake, denne gongen vert også damegruppa Praise Him frå Fitjar med på nokre av konsertane.

Dermed ligg alt til rette for 3 flotte konsertar.

7. mars kl. 19.00 Salem på Moster.Praise_Him2013
8. mars kl. 17.00 Uggdal Kyrkje på Tysnes.
                                Her er Praise Him med. 
9. mars kl. 16.00 Fitjar Bedehus.
                               Her er Praise Him med.

 

Mette Vestberg Sørensen og Roger Sørensen kjem frå Flekkerøy utanfor Kristiansand. Dei har songe sammen sidan 1990 og er eit veldig aktivt ektepar. Dei fartar rundt i heile sør-Norge, og som sist vert konsertane eit ledd i ein helge-turne i Sunnhordland. Dei siste åra har dei også spesielt vore engasjerte i arbeidet med TV-programmet »I pottemakerens hus», produsert av Flekkerøy Media  og som vert sendt  på Visjon Norge. Dei  lagar også halvtimes program kvar veke for Radio Filadelfia Kristiansand der dei presenterer ny og gammal gospel-musikk der også ein del av Bill Gaither artistane vert intervjua og presentert. Dei har også arrangert turar til Gaither-arrangement i USA og har vore med å bidra når Gaither-artistar har gjesta Norge. Både på og bak scenen.

Dei har gitt ut 3 CD-ar. Den første «Det umuliges Gud» i 2002, Den andre «Sangens velsignelse» i 2007.  Sommaren 2013 var dei i Nashville, USA og spela inn den siste, «Alltid nær», med Gordon Mote, kjent pianist og gospel-artist som produsent.  Mette har skrive fleire av sangane og dei har valgt å ta med sangar som har betydd mykje for dei sjølve. Mange av tekstane er på norsk. Under konserten vil dei sangane som ikkje er på norsk verta oversatt på storskjerm.

 Sjølve uttalar dei:«Vi er jo enkle sjeler som aldri har lært noe mer enn det alle andre har lært som synger i kor hele livet. Og vi har sagt ja, til det kallet Gud har gitt oss: Å formidle de gode nyheter gjennom sang. Sangen har gitt oss utrolig mye, den er en velsignelse vi gjerne deler. Gi, så får du mye mer tilbake!
Vår bønn er at noen må møte Jesus og kjenne seg oppmuntret og utfordret ved å lytte til sangen vår»
 

 «Praise Him» er ei damegruppe frå Fitjar. Dei har vore fleire gonger på Tysnes, og skulle vera vel kjend for mange. Også dei er veldig aktive, med gode stemmer og eit variert repertoar.

Mange gler seg nok til å høyra dei att.