Eirik Stensland viser sin variant av pinnekjøtt.
Det du treng:
Kjøtt:
- 400 gram pinnekjøtt per person (gjerne litt ekstra på juleaften)
Potet:
- 2-3 mellomstore poteter per person (ikkje skrell mandelpoteter dersom du vil ha dei heile, kokefaste poteter kan skrellast)
- 1-2 dl. kraft frå pinnekjøtet til potetmos
Kålrotstappe:
- 1 kålrot til 5-6 vaksne
- 4-6 gulrøter per kålrot
- ca. 1 dl. kraft (smak til)
- Kajennepepper (smak til)
Soppstuing:
- 2-3 sopp (chaminjong) per person
- 1 rødløk
- 1-2 rød chili
- 50 gr. smør
- 1-2 lime
- 3-4 dl. matfløyte
- (Ei klype sukker)
Saus:
- 2-3 dl. kraft frå pinnekjøtet
- 2 dl. mjølk (heil eller lett)
- 2 ss. smør
- Bland saman mjøl og vatn til ei tjukk blanding. Bruk litt og litt av dette i sausen for å få den tjukkelsen du ynskjer
Hugs også gjerne å ha litt klår kraft for seg sjølve på bordet, mange likar denne bedre enn den kvite sausen.
Denne middagen treng ikkje å tilsettast salt då pinnekjøtet innheld plenti nok av det. Bruk kraft frå gryta der du ellers ville tilsett salt.