Det nærmar seg haustferie og Pit Stop igjen på Leirvik bedehus. Dette blir stas! På Pit Stop får me besøk av Laget, Ole Thomas Fidjeland kjem for å tala og du treff sjølvsagt Linda Aase, Kristine Særsten og Eirik Stensland som arbeidar med ungdom i IMS.
Pit Stop er ei møtehelg primært for ungdom frå ungdomsskulealder og oppover. Det er inga øvre aldersgrense så her er det berre å komma.
På Pit Stop i år har me tema «Leve med Han» der me på ulike måtar vil få høyra om korleis eit liv med Jesus kan sjå ut. Dette blir veldig spennande.