Skreve av: Guri Bjørnevik

Når borna våre var små hadde vi som tradisjon å lesa Julemysteriet av Jostein Gaarder. Eitt kapittel kvar dag. Ei forteljing i fortellinga handla om Elisabet som sprang etter eit bjellelam ut av eit kjøpesenter. Ho sprang heile vegen gjennom Europa og Lilleasia og nådde fram til Betlehem, til krubba med Jesusbarnet, på julafta. På reisa møtte ha mange ulike figurar, det var englar, gjetarar, sauer osv. Alle hadde ein historie å fortelja.

Kvart år lurte eg på kva som var historisk rett og kva som var fri fantasi frå forfattaren. Men kvart år enda eg opp med at det viktigaste ikkje var kven Elisabet møtte på vegen, og om dette var fantasi eller historisk korrekt, men at ho enda i Betlehem til eit nyfødd barn i krubba, Jesus. Barnet som var sendt til jorda for å sona all vår skuld og skam.

I en natt så klar og kald, av en ung og tapper mor,
I en krybbe i ein stall fødtes håpet til vår jord.
Så umerkelig – så stille, byens gater helt forlatt.
Ingen opptog for den lille. Lyset kom en vinternatt.

Gjeterne satt rundt sin grue, skremtes opp av lys og lyd.
Himlen stod i veldig lue. Engler sang om fred med fryd:
Ikke frykt, vær ikke redde, Gud er kommet til vår jord.
Nå i natt var det det skjedde. Gå til barnet og hans mor. 

I det stille, til de små, bringer Jesus håp og fred.
Og han kommer, da som nå, fra sin himmel til oss ned. 
Julenatt med lys og glede minner oss om Gud som kom.
Evig er han her til stede. Nå står grav og krybbe tom.

"I en natt" av Bjørn Eidsvåg.

Matt. 2,4-6: Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket, og spurde dei kvar Messias skulle verta fødd. «I Betlehem i Judea,» svara dei, «for så står det skrive hjå profeten: Du Betlehem i Juda land er så visst ikkje den ringaste av fyrstane i Juda. Frå deg skal det koma ein hovding, som skal vera hyrding for Israel, folket mitt.»