Skreve av: Ingebjørg og John Morten Espevik

«For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk det er Guds gåve» 

Efesarane 2, 8

Vismennene reiste til eit land langt av sted for å finne han som David og profetane hadde skrevet at ville komme. Deira gåve anerkjente Jesus som Gud, som Konge og som himmelens eineståande gåve til oss. Utruleg nok visste dei kven Jesus var lenge før resten av Israel, og lenge før Jesus hadde begynt å gjera mirakel og undervise. Likevel tilbad vismennene dette barnet, Guds son, Messias. De var vise menn der det verkeleg gjaldt. 

Bodskapet om vismennene er at Gud drar menneske til seg. Døra er open, frelsen er tilgjengeleg for alle som kallar på namnet Jesus. Efesarane 2, 13 seier: «Men nå, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær på grunn av Kristi blod.» Du må ikkje vandre 1000 vis av mil for å finne Gud, han har allereie sendt sin son frå himmelen til jorda for å finne deg. Alt som trengs er å ta i mot denne gåva. 

Ønskjer alle ei velsigna førjulstid!