Skreve av: Knut Kvamme

Dei lågaste på rangstigen, gjetarane utanfor Betlehem, fekk først del i evangeliet – dei gode nyheitene om Jesu kome!

Engelen kom med ein gledesbodskap – om frelse og håp – som dei òg kunne finna.

Så fekk dei høyra kanskje den største og mektigaste lovsongen som er boren fram på denne jord til  ære for Gud! Dei handla på det dei høyrde, og fekk sjølve bli ein del av tilbedelsen og lovsongen. Johannes beskriv det:

Vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

Johannes 1, 14

Seinare har millionar av menneske kome med i denne tilbedelsen og lovsongen! For meg er det fantastisk stort: Tenk, eg er osgå ein del av dette store koret! Og mitt gjensvar og takk for hans store frelse vert Salme 71:14 – eg vil leggja min lovsong til all lovsong du får.

Dette kan me saman få gjera i dag!