Ein aktiv leirstad
Søndag 18. august blir det på ny Brandøydagen. Brandøy er i år 47 år. Mange har vore på leir og andre arrangement opp gjennom åra på Brandøy. Berre i fjor hadde leirstaden 6112 gjestedøgn. Sjølv arrangerte IMS i fjor 13 barne- og ungdomsleirar, pluss dame-/kvinneweekend, vårtreff for eldre, leiartreningshelg og dugnadsweekendar.

Program søndag
Det vert Stormøte kl 1100 samtidig som det er barnemøte i hallen. Så er det tid for sal av lapskaus, kaker og kiosk pluss familieaktivitetar før det er familietreff kl 1430. Kåre Johan Hamre talar på føremiddagen for vaksne, og Johannes Olsen for barna. Jens Tveit talar på ettermiddagsmøtet. Team frå G-17 i Skjold leier allsong. Håpar du trassar vèret og tar turen til Brandøy. Alltid kjekt å møtast 🙂 Her kan du sjå plakat!