Bilete er tatt av Bruno van der Kraan og er henta frå Unsplash

Sjølv om mykje er unormalt rundt oss, kjem heldigvis både våren og påska som før. Noko er trass alt normalt, og me kan igjen få gle oss over Guds store skaparverk, og undra oss over Jesu frelsesverk og uendelege kjærleik til kvar og ein av oss.

Permitteringar

Med avlyste møte og arrangement, har også me i IMS måtta gå til permitteringar av tilsette. Mot vanleg 5,6 årsverk har me pr no 2 årsverk i funksjon. Så vert det gjerne ytterlegare permitteringar frå mai.
Også SunnBok, leirstadane og Framnes har gått til fleire permitteringar. Spesielt er det ei utfordrande tid økonomisk for leirstadane som får alle arrangement avlyst, og tilhøyrande inntekter redusert.

Ei tid med andre moglegheiter

Så er ikkje alt lagt ned sjølv om me ikkje får møtast. Me har styremøte og andre planleggingsmøte på nett. Staben møtest jevnleg til nettmøte. Du kan følgja onsdagsmøte på nett i ulike variantar. Nyleg har Ung-avdelinga gjennomført Påskefestival på nett for ungdomar. Les gjerne om den her: https://indremisjonssamskipnaden.no/digital-paskefestival/.

Mange tilbyr ulike ressursar og møte på nett. Sjå gjerne oversikt her på nettsida under «ressursar». Så kan tida me er i også gi oss nødvendig rom til stille tid med Gud og tid til å tenkja. Sjølv om kyrkje- og bedehusbygg er stengt ned, lever Gud i alle oss som er Hans etterfølgjarar (Gal. 2, 20). Gud har sin mobile heim i deg. Så trur og håpar me også at mange har sakna forsamlinga si, og er veldig klare for å møtast når ting har normalisert seg.

Det var litt om stoda her i IMS. No gjenstår det å ynskja deg alt godt og ei velsigna påskehøgtid.

«Han såg og trudde.» – om Johannes då han gjekk inn i grava, fekk sjå linkleda som låg der, og duken som Jesus hadde hatt over hovudet. Den låg ikkje saman med linkleda, men samanrulla på ein stad for seg. For endå hadde dei ikkje skjøna det skrifta seier, at han måtte stå opp frå dei døde. (Joh. 20)